Bad Münster am Stein-Ebernburg er ein kommune i Tyskland i staten Rheinland-Pfalz i Bad Kreuznach. Byen har kring 4000 innbyggjarar og ligg i nærleiken av elva Nahe.
Byen vart først nemnd kring år 1200. Han voks fram ved sidan av Rheingrafenstein, eit slott bygd i 1050 som var sete for pfalzgreven ved Rhinen. Slottet vart øydelagd i 1689 av franskmennene, men ruinane er her framleis. Ebernburg slott var bustaden til den kjende tyske riddaren Franz von Sickingen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff