Fleire øyar og halvøyar ligg langs austkysten av USA. I delstaten Massachusetts ligg halvøya Cape Cod. Lenger sør ligg øya Long Island i New York. Mellom Long Island og delstatane Connecticut og Rhode Island ligg sunda Long Island Sound og Block Island Sound. Mellom delstatane Delaware og New Jersey ligg den store bukta Delawarebukta. Den større Chesapeakebukta ligg mellom Virginia og Maryland. Mellom desse to buktene ligg Delmarvahalvøya. Heilt søraust i USA, mellom Atlanterhavet og Mexicogolfen, ligg Floridahalvøya som utgjer størsteparten av delstaten Florida.
Austkysten er det folkerikaste kystområdet i USA.[3] I 2010 hadde statane med kystlinje mot aust eit samla estimert folketal på 112,642,503 (36 % av heile folketalet i landet).
New York er både den største byen i USA og det største storbyområdet langs Austkysten.