Atlantic Standard Time (AST) eller Atlantic Time Zone er ei tidssone der ein har universaltid minus fire timar. I somme tider av året er det sommartid i regionen, og skilnaden er då minus tre timar. Tidssona dekkjer ein del av Karibia og provinsane New Brunswick[1] og Nova Scotia[2], Prince Edward Island og små delar av Quebec (austlege Côte-Nord og Magdalenøyane) i Canada. Offisielt har heile Newfoundland and Labrador Newfoundland Standard Time,[3] men i praksis nyttar det meste av Labrador Atlantic Standard Time.
I USA nyttar territoria Puerto Rico og Dei amerikanske Jomfruøyane Atlantic Standard Time.
Område med AST
Kjelder
Bakgrunnsstoff