Aslak Aarhus (fødd 1952) er ein norsk fotograf og filmskapar, busett i Asker.
Aarhus har bakgrunn som fotoreporter frå internasjonale konfliktområde og har laga fleire større multimedia-program frå Latin-Amerika og Afrika, til dømes «Eldorado» og «Hvite skygger». Han har laga over 20 dokumentarar frå tre kontinent for NRK og TV2. Fleire av filmprosjekta har han utført i samarbeid med Ole Bernt Frøshaug. I 2006 vart han tildelt Ole Bull-prisen for dokumentarfilmen «Ole Bull - himmelstormeren» der han var regissør.
Aslak Aarhus er knytt til biletbyrået Samfoto.
Bibliografi
Filmar
Bakgrunnsstoff