Sigrun Slapgard (fødd 30. oktober 1953) er ein norsk journalist og forfattar. Ho arbeider i NRK sin utanriksredaksjon, og var korrespondent for NRK i Qatar under invasjonen av Irak i 2003.
Slapgard vart nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for biografien sin om den kvinnelege krigsreportaren Lise Lindbæk. Ho debuterte skjønnlitterært i 2011 med romanen Paradishagen.
Ho er oppvaksen i Ruste og på Vinstra.[1]
Verkliste
- Draumar i krysseld – Sakprosa (1989)
- Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk – Biografi (2002)
- Krig og løgn. Drama i ti akter – Debattbok (2003)
- Dikterdronningen – Biografi (2007)
- Paradishagen – Roman (2011)
- Englestien – Roman (2013)
- Eg har sett jaguaren – Latinamerikanske historier (2018)
- Eit hemmelig liv – Biografi (2020)
Prisar
Referansar
Bakgrunnsstoff