Asgeir Brekke (fødd 27. februar 1942 på Lesja) er ein norsk professor emeritus i fysikk.[1] Han høyrer til ved UiT Noregs arktiske universitet og har i tillegg vore professor II ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).[2]
Biografi
Brekke er utdanna ved Universitetet i Oslo. Han byrja karrieren sin i nord på Svalbard i 1966, der han studerte nordljoset.[3] Han var med i oppbygginga av EISCAT frå 70-talet og var med i utviklinga av organisasjonen i mange år.[3]
I tillegg til forsking på ionosfæren har han skrive fleire populærvitskaplege artiklar og bøker om nordljoset.
Bibliografi
- Bentdal, Gunnar; Aksnes, Kaare; Brekke, Asgeir; Solheim, Jan-Erik; Nordli, Øyvind; Pettersen, Bjørn Ragnvald. En himmelrommets fyrvokter. 2012 ISBN 9788230319864.s 129 - 141.
- Nilssen, A.C.; Ørbæk, J.B.; Brekke, Asgeir. Arctic lights. 2006 ISBN 82-7142-045-3.s 41 - 46.
- Brekke, Asgeir. Physics of the Upper Polar Atmosphere. 2003 ISBN 4-87256-304-2.
- Lien, Jan; Løvhøiden, Gunnar; Lillestøl, Egil; Brekke, Asgeir. Generell fysikk for universiteter og høgskoler. Universitetsforlaget 2001.s 343 - 344.
- Bakke, Dagfinn; Brekke, Asgeir. Nordlys. Det Norske Samlaget 2000 ISBN 82-521-5691-6.
- Brekke, Asgeir. Physics of the Polar Upper Atmosphere. 1997.
Kjelder
Bakgrunnsstoff