Arizona State University er eit delstatleg universitet med hovudsete i Tempe i Arizona i USA. Universitetet har kring 51 000 studentar i Tempe, 8 200 i Phoenix, og 6 500 i Mesa.
Skulepengane er på om lag 4 450 dollar per år (2006). Det vert tildelt grader heilt opp til doktorgrad (Ph.D) ved Tempe og Mesa, og mastergrad i Phoenix.
Senter for evaluering av kvaliteten av universitet (CMUP) ved Arizona State University er kjent for den årlege rapporten «The Top American Research Universities».
Historie
Universitetet vart grunnlagt i 1885 og gjekk under fleire ulike namn fram til det fekk namnet Arizona State College i 1945 og til slutt Arizona State University i 1958.
Skular (utval)
- Katherine K. Herberger College of the Arts
- W. P. Carey School of Business
- Ira A. Fulton School of Engineering
- Sandra Day O’Connor College of Law
- Morrison School of Management and Agribusiness
- Walter Cronkite School of Journalism and Mass Communication
Bakgrunnsstoff