Ar Ru'ays (arabisk اَلرُّؤَيْس; òg skrive Al Ruwais) er ein busetnad i kommunen Madinat ash Shamal i Qatar.[1]
Historie
På byrjinga av 1900-talet vart Ar Ru'ays skildra av J.G. Lorimer i Gazetteer of Gulf of Persia:
«
|
Ein landsby i Qatar som ligg nesten ytst på halvøya, kring 4 km sør for Ras Rakkan. Han er busett av kring 70 familiar frå Sadah-stamma, som eig 18 perlebåtar, to andre havgåande fartøy og ti fiskebåtar. Dei har òg fire hestar og 20 kamelar. Det ligg eit rev føre landsbyen der båtane deira ligg oppankra. Staden vert verna av eit lite fort med fire tårn, og drikkevatnet vert henta frå brunnen Umm Dha'an, 2 km inn i landet, sør for Ruwais.[2]
|
»
|
Kjelder