Antofagasta-provinsen (spansk: Provincia de Antofagasta) er ein av tre provinsar i den nordlege chilenske regionen Antofagasta. Hovudstaden er hamnebyen Antofagasta. Som ein del av Atacama-ørkenen, grensar han til El Loa- og Tocopilla-provinsane i nord, Stillehavet i vest, Atacama-regionen i sør og mot Argentina i aust.
Provinsen spenner over eit område på 67 813,5 km² i Atacama-ørkenen. Han er den nest største provinsen i landet, nest etter provinsen Antártica Chilena (1 265 853,7 km²), som ikkje er internasjonalt anerkjend.
Området er rikt på salt og andre mineralførekomstar med dei viktige Caracoles-sølvgruvene omtrent 140 km nord-aust for Antofagasta. Som dei andre provinsane i denne regionen produserer Antofagasta kobbar, sølv, sølvmalm, bly, natriumnitrat, boraks og salt for eksport. Jern- og manganmalm finst òg her.
I tillegg til byen Antofagasta, er dei viktigaste byane Taltal og Mejillones.
Kjelder
Bakgrunnsstoff