Anny Berge Alsaker
|
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
1927 (98 år) Oppstryn
|
Yrke |
skribent
|
Anny Berge Alsaker (fødd 1927) er ein norsk forfattar frå garden Berge i Oppstryn i Stryn kommune. Som vaksen flytta ho til Tønsberg, der ho budde lenge. I 1962 flytta ho attende til Stryn. Ho har òg budd i Førde og i Spania. Anny Berge Alsaker har tidlegare arbeidd som hjelpepleiar og fotsoneterapeut.
Ho debuterte som forfattar i 2009 med boka Men minnene har vi : forteljingar frå fortid og notid.
Bibliografi
Bøker
- 2009 – Men minnene har vi : forteljingar frå fortid og notid (Stryn: Eige forlag). ISBN 978-82-303-1392-3
- 2010 – Amerikabrev : frå den store utvandrartida (Stryn: Eige forlag) [Samla og redigert av Anny Berge Alsaker og Anita Flo]
- 2010 – Minner frå 2.verdskrig heime og ute : 1940-1945 (Stryn: Eige forlag)
- 2012 – Ei reise tilbake til fortida (Stryn). ISBN 978-82-303-1993-2
- 2013 – Nordfjord-diktaren Amund Mork - og samtida hans (Stryn). ISBN 978-82-303-2407-3
Kjelder