Andrij Deryzemlja (fødd 18. august 1977 i Zjovtneve i Sumy oblast) er ein ukrainsk skiskyttar.
Deryzemlja begynte med skiskyting då han var 11 år gamal. Han har vore på det ukrainske landslaget sidan 1996, då han òg debuterte i verdscupen. Han har deltatt i tre OL og ni VM i skiskyting. Første medalje i eit verdscuprenn kom i 1998/99-sesongen i sprinten i Holmenkollen. Sidan har det blitt ein del pallplasseringar, utan at han har oppnådd det store gjennombrotet enno. Han har vunne eit verdscuprenn, fellesstarten i Antholz/Anterselva i 2002/03-sesongen. I VM i 2007 same stad kom han på 3. plass på 20 km.
Han er gift og har ei dotter.
Kortfatta merittliste
(per 3. februar 2007)