Han vart fødd i Aker i Akershus. Lange vart ferdigutdanna skogteknikar i 1926 og arbeide nokre år som lærar på ein planteskule i Argentina før han vende heim i 1929.
I mellomkrigstida var Anders Lange aktiv i Fedrelandslaget, eit lag som ynskte å skipa ein borgarleg front mot kommunismen. Om Fedrelandslaget i 1930-åra seier Norgeslexi dette: «I 1930-årene var Fedrelandslaget tydelig inspirert av italiensk fascisme og tysk nasjonalsosialisme, men samtidig ble organisasjonen politisk sett en mer marginal foreteelse i Norge.»[1][daud lenkje] Lange var sekretær i Fedrelandslaget frå 1930 til 1938. Under krigen fekk Lange nokre mindre fengselsopphald i Møllergata 19.
Anders Langes Avis
I 1947 vart Lange sekretær i Norsk Kennelklubb og skipa seinare ein eigen kennel i Oppegård kommune. I 1948 tufta han Hundeavisa. Avisa handla i byrjinga hovudsakleg om hundehald, men vart meir og meir open for politiske ytringar. Utover 60-talet vart den redaksjonelle profilen heilt endra og avisa vart omdøypt til Anders Langes Avis. Avisa hadde ein krass brodd mot det rådande politiske miljøet, og hovudsakleg retta mot skattar og avgifter og alle former for avgrensingar av det frie næringslivet. Lange var sjølv kritisk til å føre utviklingshjelp, og redaksjonelt stod Anders Langes Avis for ei sterk politisk støtte til det Sør-Afrikanskeapartheidregimet.