Anders Giæver (fødd 27. august 1961 i Oslo) er ein norsk journalist. Han er kjend som mediekommentator og avdelingsleiar i kommentaravdelinga i Verdens Gang.
Giæver har vore kulturredaktør i Dagsavisen, og har òg jobba i fleire andre norske aviser. Frå 2008 til 2011 var han USA-korrespondent for VG, og har etter at han kom attende til Noreg stått sentralt i dekninga til avisa av terroråtaka 22. juli 2011.
I 2006 var han jurymedlem ved utdelinga av Humanistisk kulturpris. Har sidan 2005 vore med vekentleg i Frokost-TV som kommentator på nyhendestoff saman med Hege Duckert.
Anna
I 2006 var han fagdommar i Kvitt eller Dobbelt på NRK1 for Andreas Rønningen, som gjekk opp i emnet The Simpsons. Han er barnebarn av den avlidne kringkastingssjefen og legen Hans Jacob Ustvedt.
Bibliografi
- GUTTENE – På veien med Jokke & Valentinerne, Damm 2005- Fotografi av May-Irane Aasen.- Tekstar av Mode Steinkjer, Guttorm Nordø og Anders Giæver ISBN 82-04-11133-9
- Jakta på Onkel Walt (2001), om Walt Disney, 173 sider, ISBN 82-02-20439-9
- Sladder! bedre enn sit rykte (2004) Forfattarar: Andes Giæver, Fredrik Skavlan (illustratør)159 s. Press forlag
- Over streken : avistegninger i grenseland (2006)
Referansar
Bakgrunnsstoff