Andebu kommune er ein tidlegare kommune i Vestfold fylke. Han vart skipa i 1838 i samband med innføringa av formannskapslovene frå 1837 og blei slått saman med Stokke og Sandefjord kommune 1. januar 2017.[1][2]
Namnet blir uttala annebu, preposisjonen er «i» (i annebu) og ein person frå Andebu (særs frå hovudsoknet) blir kalla «andebusokning».
Andebu hadde nær 100 % barnehagedekking. I 2005 er to barnehagar akkurat ferdigbygd. Andebu har nå litt overkapasitet i barnehagane, og har tatt inn ungar frå nabokommunane.
Andebu kommune hadde tre barneskolar, ein i kvart sokn: Andebu skole, Høyjord skole og Kodal skole. Dei tre siste åra i grunnskolen er alle på Andebu ungdomsskole. Andebu undomsskole blei ombygd i 2004–2005 for å møte høgare elevtal og moderne undervisingsmetodar. Det er ingen vidaregåande skolar i Andebu, elevane fordelar seg i staden hovudsakleg på dei vidaregåande skolane i Sandefjord, Tønsberg og Re.
GrendeskolenTorp skole blei i 2003 lagt ned på grunn av dårleg kommuneøkonomi, til stort vonbrot for lokalbefolkinga. Grendeskolen Gulli skole blei lagt ned i 1958, men er no skolemuseum, ein av dei best bevarte grendeskolane i Vestfold.[3]
Kultur
Vestfoldbunaden (både herre- og damevarianten) består hovudsakleg av draktelement funne i Andebu. Det er au fleire døme på rosemaling her, av den spesielle andeburosa. Av dei ca. femten forskjellige variantane av vestfoldteppet er over ti frå Andebu. Spesielt kjent er Døvleteppet.
Tidlegare var det ein sterk munnleg tradisjon med fortellingar (mange segner og nokre få eventyr). Denne er no i hovudsak utdøydd, men ein del historier blei nedskrivne i byrjinga av 1900-talet. Nokre av desse er med i Andebu bygdebok. Populære emne i forteljingane frå Andebu var ułæ (huldra) og trøll (troll), noko som er reflektert i stadnamn som Uleåsen, Ulevannet, Ulspipa, Trolldalen, Trollsås og Trollsvann.