Amikam (hebraisk skrift עַמִּיקָם) er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Zikhron Ya'akov og er kommunesenteret i Alona regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 675.[1] Vest for moshaven ligg Alona park.[2]
Moshaven vart grunnlagd i 1950 av jødiske flyktningar frå Harbin, Mandsjuria og Shanghai, Kina, som hadde flykta frå den kinesiske borgarkrigen.[2] Dei fekk seinare selskap av jødar frå konsentrasjonsleirar på Kypros, og seinare jemenittiske jødar. I 1956 slo ei gruppe polske jødiske emigrantar seg ned i moshaven. Somme av familiane dreiv med fruktdyrking, som fersken, plommer, nektarinar og mispel.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff