Alexis de Chateauneuf (fødd 18. februar1799 i Hamburg, død 31. desember1853 i Hamburg)[1] var ein tysk arkitekt og byplanleggjar. Han var ein av dei leiande arkitektane i si tid, utdanna i Hamburg, Paris og Karlsruhe samt eit kortare opphald hos Karl Friedrich Schinkel i Berlin. Chateauneuf spelte ei særleg viktig rolle under gjenoppbygginga av Hamburg etter bybrannen i 1842. Han arbeidde òg i London og Christiania i Noreg.