Alessandro Mahmoud vart fødd i Milano i 1992 av ei italiensk mor og ein egyptisk far.[6] Han dukka fyrste gongen opp i offentlegheita i 2012, då han deltok i den sjette sesongen av italienske X Factor.[7]
2016–2020: Sanremo og Eurovision Song Contest
I 2016 deltok Mahmood i nykommer-klassa i San Remo-festivalen med songen «Dimentica», og i november 2018 gav han ut EP-en Gioventù bruciata. Med same låt vann han tevlinga Sanremo Giovani 2018, som vart arrangert 21. desember 2018.[8] Sigeren sikra han ein plass i den 69. utgåva av Sanremo-festivalen, som vart arrangert i byen Sanremo i februar 2019.
I San Remo-festivalen 2019 deltok Mahmood med songen «Soldi» ('pengar'), skriven av han sjølv, Dardust og Charlie Charles. Han kvalifiserte seg til finalen laurdag 9. februar og vann han etter å ha fått flest poeng frå juryane og tv-sjåarane samanlagt. Han representerte dimed Italia i finalen av Eurovision Song Contest i Tel Aviv laurdag 18. mai.
Sigeren i Sanremo-festivalen var likevel ikkje utan kontroversar, sidan andreplassen Ultimo og songen «I tuoi particolari» fekk klart flest telefonrøyster. Mahmoood fekk flest jurystemmer og vann tevlinga samanlagt.[9] Etter sigeren gjekk den italienske visestatsministeren og Lega Nord-leiaren Matteo Salvini ut på Twitter og sa han heller ville ha Ultimo som vinnar. Politiske kommentatorar meinte utspelet òg var retta mot den etniske bakgrunnen til Mahmood.[10][11]
Gjennom sigeren i Sanremo-festivalen vart Mahmood tilboden oppdraget med å representere Italia i Eurovision Song Contest 2019 i Israel. Mahmood takka ja til tilbodet og deltok med «Soldi» i finalen laurdag 18. mai 2019 i Expo Tel Aviv. Der hadde han startnummer 22 og enda til slutt på ein andreplass bak Nederland.[12]
2020–: Nytt album og Sanremo-seier
Den 11. juni 2021 slapp Mahmood oppfølgjaralbumet Ghettolimpo.[13] I forkant av utgjevinga gav han ut fem låtar: «Rapide», «Dorado» (i samarbeid med den italienske rapparen Sfera Ebbasta og den kolombianske songaren Feid), «Inuyasha»,«Zero» og «Klan».
I 2022 deltok Mahmood i Sanremo-festivalen for tredje gong, denne gongen saman med rapparen Blanco og songen «Brividi». Songen gjekk rett til topps på den italienske singellista og sette ny strøymerekord for Spotify i Italia. Songen vekte også merksemd siden han handlar om homofil kjærleik.[14] Duoen vann Sanremo-festivalen laurdag 5. februar 2022, og takka ja til å representere Italia i Eurovision Song Contest 2022 på heimebane i Torino.[15][16] Som eit av dei fem store landa og vertsnasjon var Italia direktekvalifisert til finalen laurdag 14. mai. Der enda det på sjetteplass, det beste resultatet til ein vertsnasjon sidan femteplassen til Sverige i 2016.
Musikalsk innverknad og karriere
Mahmood har skildra musikken sin som «marokkansk pop».[17] «Soldi», som er ein sjølvbiografisk song om hans eigen «ukonvensjonelle familie», har også ei setning på arabisk.[18] Mahmood er halvt egyptisk, men Mahmood snakkar ikkje sjølv arabisk.[19] Hans fyrste musikalske minne var då han høyrde på arabisk musikk saman med far sin, før faren forlet familien.[20] Då han vaks opp, høyrde han også på italienske artistar som Lucio Battisti, Lucio Dalla og Paolo Conte.[20] Mora er frå Sardinia, og han reknar seg sjølv som tett knytta til sardinsk kultur og folkeminne, som har inspirert fleire av songane hans. Som låtskrivar har Mahmood skrive songar for artister som Elodie, Michele Bravi og Marco Mengoni, som representerte Italia i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö.[6][21]
Mahmood har trekt fram den amerikanske songaren Frank Ocean som sin største påverknad, og omtalar musikken til Ocean som «veldig fri og der alle kan identifisere seg – homofile eller hetero – fordi det vesentlege er personen og energien dei overfører, og ikkje seksuell legning.»[22] Andre favorittartistar er Beyoncé, Travis Scott, Jazmine Sullivan, Rosalía og SZA.[22][23]
Privatliv
Mahmood ønskjer ikkje å bli kategorisert korkje etter nasjonalitet eller seksualitet.[24] Han har tidlegare sagt: «å kunngjere at eg er homofil fører ingenstad», og «om vi fortsetter med desse inndelingane, vil homofili aldri bli sett på som ein normal ting, noko det er».[2] Sjølv om han har nekta å svare italiensk presse på om han er homofil, har han sagt at han er «lukkeleg og oppteken».[25]