Aleksej Sergejevitsj Spiridonov (20. november1951–9. april1998) var ein sovjetisk friidrettsutøvar som i hovudsak tevla i sleggekast. Han vart europameister i øvinga i Roma i 1974 og fekk sølvmedaljen under sommar-OL 1976 i Montreal. Spiridonov var fødd i Leningrad, og døydde i same byen, som då heitte St. Peterbsurg.
Aktiv
Spiridonov vart i 1974 europameister i sleggekast. Med eit bestekast på 74,20 m slo han Jochen Sachse frå DDR med 20 centimeter, sistnemnde sin landsmann, Reinhard Theimer fekk bronsen med 71,62 m. Fire dagar etter han vart europameister, forbetra Spiridonov verdsrekorden til Theimer med seks cm til 76,66 m. Året etter vann han i Roma unversiaden.
Under sommar-olympiaden i Montreal i 1976 kom Spiridonov på sølvplassen i sleggetevlinga. Med eit kast på 76,08 m plasserte han seg mellom landsmennene Jurij Sedykh (77,64 m) og Anatolij Bondartsjuk (75,48), slik at alle medaljane i øvinga gjekk til Sovjetunionen. Han kom ikkje med til EM i friidrett 1978, trass i at han vart nummer tre i den sovjetiske meisterskapen.