Al Majma'ah (arabisk المجمعة) er ein by og eit guvernement i Ar Riyad-provinsen i Saudi-Arabia. Folketalet i byen er kring 45 000. Al-Majma'ah guvernement grensar til Austprovinsen og Al-Qasim i nord, Thadig og Shaqra i sør, Rumah i aust og Harmah, Al-Ghat og Zulfi i vest.
Bye vart grunnlagd i 1417 av ein immigrant frå Shammar-stamma, og Al-Majma'ah vart historisk rekna som hovudstaden i regionen Sudair. Byen har i dag eit museum og eit leirsteinsfort datert til 1700-talet.