Al Kifl (arabisk الكفل) er ein by i det søraustlege Irak ved Eufrat, mellom Najaf og Al Hillah. Folketalet i og nær byen er kring 15 000. Grava til den heilage mannen Dhul-Kifl skal liggje i Kifl. Ein trur at han er den bibelske profeten Esekiel. Eit prosjekt for å renovere grava og utvikle det til ein turistattraksjon har vist seg å vere kontroversielt.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff