Airbus A380 er det største passasjerflyet i verda. Det har to etasjar, brei buk og fire jetmotorar, og blir laga av den europeiske flyprodusenten Airbus.[1][2]
Flyet vart sett i kommersiell drift i 2007. Flyet vart lansert under ein seremoni i Toulouse tysdag 18. januar 2005 og flaug fyrste gong 27. april 2005 kl. 10.30.
Den nye modellen ville i utgangspunktet bli levert i to utgåver; A380-800 og A380-800F. A380-800 har plass til 555 passasjerar over tre klassar og ei rekkjevidd på 14 800 km, medan A380-800F er eit reint lastefly med 10 400 km rekkjevidd og plass til 150 tonn varer.
Airbus heldt fram med å lage cockpiten så lik dei tidlegare modellane som mogleg. På den måten kostar det mindre å læra opp pilotar, i tillegg til at flyginga blir tryggare når mannskapet berre må kjenne til eitt sett med prosedyrar for korleis flyet skal handterast.
Airbus A380 vil bruke laminatkompositten glare i dei øvre delane av skroget. I dei nedre vil plater av dei relativt nyutvikla aluminiumlegeringaneAA6013 og AA6056 bli brukte. Desse platene vil vere sveisa med lasersveising eller Friction Stir Welding, i staden for tradisjonell nagling.
Haleror
I staden for aluminium, er det brukt komposittmaterial i haleroret.