Adresse Europa var eit TV-program på NRK1. Programmet skulle i utgangspunktet ha vore Adresse Rotterdam, der dei skulle ha bedømt bidraga som skulle ha delteke i Eurovision Song Contest 2020, men sidan Eurovision Song Contest vart avlyst, valde NRK å gjere en vri på konseptet. I Adresse Europa skulle eit panel av kjendisar og eit panel av Eurovision-fans synse om alt frå dei beste bidraga, dei meste spektakulære framsyningane og dei villaste kostyma i Eurovision-historia, og gje poeng til kvart bidrag. Poenga som kvar person kunne gje til eit bidrag, var i ekte Eurovision-stil; 1-8, 10 og 12 poeng.
Programleiar for Adresse Europa var Marte Stokstad. I kjendispanelet sat Ingeborg Heldal, Per Sundnes, Silje «Bendik» Halstensen og Jan Thomas, medan i folkejuryen sat Anne Vik, Endre Fagervold, Thea Hestad Kavli og Morten Westergaard.[1]
Vinnar av Adresse Europa var Jahn Teigen og songen «Optimist», som fekk full pott frå alle i juryane. På delt andreplass, med 92 poeng, kom Conchita Wurst og «Rise Like a Phoenix» frå Austerrike; Johnny Logan og «Hold Me Now» frå Irland; og SunStroke Project og Olia Tira «Run Away» frå Moldova.
Episodar
Episode 1
Episode 2
Episode 3
Episode 4
Referansar
Bakgrunnsstoff