Aadloun, Adloun eller Adlun (arabisk عدلون) er ein kystby sør i Libanon, 17 km sør for Sidon. Staden er kjend for dyrking av vassmelonar. Her ligg ein fønikisknekropolis og førhistoriske grotter der fire arkeologiske stader er oppdaga og datert til steinalderen.[1] Ein har funne spor etter menneske i Abri Zumoffen (eller Aadloun I) som er 70 000 år gamle.[2]