57°24′00″N 134°43′59″W / 57.4°N 134.733°W / 57.4; -134.733
ABC-øyane er ei nemning for tre øyar utanfor søraustkysten av Alaska — Admiralty, Baranof og Chichagof. Saman dannar dei ein stor del av Alexanderarkipelet. Dei er del av naturreservatet Tongass National Forest. Øyane er kjende for villmark og dyreliv, mellom anna ein særskild brunbjørnpopulasjon med ein del isbjørnavstamming.[1][2]
Øyane er blant dei ti største i USA - Chichagof den 5., Admiralty den 7. og Baranof den 10. største. Sentrum av Sitka ligg på vestkysten av Baranof. Bortsett frå denne busetnaden er det lite utbygging på øyane.
Kjelder