Alexander Archipelago Forest Reserve blei etablert av Theodore Roosevelt i ein presidentproklamasjon av 20. august 1902. Ein annan presidentproklamasjon gjort av Roosevelt, den 10. september 1907, skapte Tongass National Forest. Den 1. juli 1908 blei dei to skogane slått saman, og desse skogområda saman omfatta mesteparten av Søraust-Alaska (Alaska panhandle). Andre presidenterklæringar frå 16. februar 1909 (i dei siste månadane av Roosevelt-administrasjonen) og 10. juni, og i 1925 (av Calvin Coolidge) utvida Tongass. Ein tidleg tilsynsførar med skogen var William Alexander Langille.[2]
4. september 1971 styrta Alaska Airlines-flight 1866 ned i Tongass National Forest. Alle dei 111 ombord omkom.[3]
Etter at Tongass National Forest blei oppretta, blei det sentrale rådet for Tlingit og Haida Indianstammene i Alaska danna for å utfordra retten til landet til den føderale regjeringa i 1935.[4] I Tlingit and Haida Indians of Alaska v. United States kom retten fram til at urfolk i Alaska hadde ein etablert eigarskap til landet frå urtid av.[5] Retten fann at avtalen om Alaska-kjøpet Russland og USA ikkje gjorde at aboriginane hadde ei rett til å ta til jorda, og at opprettinga av Tongass National Forest var ein ekspropriasjon av land frå tlingit- og haidafolka. Saka blei til slutt avgjort i 1968 med ei betaling på 7,5 millionar dollar, som verdsette Tongass på ca. 43 cent per hektar. Verdien var basert på jordverdien på tida då han blei erklært nasjonalskog i 1902, utan omsyn til inflasjon eller renter frå dei siste 66 åra.[6]
Økologi
Tongass omfattar delar av dei nordlige stillehavskystskogane og isfelt og tundra-økoregionane i stillehavsfjella. Saman med dei sentrale og nordlege kystregionane i British Columbia som er kjende som Great Bear Rainforest, er Tongass ein del av ei permanent fuktig (perhumid) regnskogsone, og skogen består hovudsakleg av kjempetuja, sitkagran og vestamerikansk hemlokk. Tongass er den største av dei gjenverande tempererte regnskogane på jorda.[7][8] Terrenget under skogen er delt mellom karst (kalkstein, godt drenert jord og mange grotter) og granitt (dårleg drenert jorda).
Unike og verna skapningar som ein sjeldan finn andre steder i Nord-Amerika lever på dei tusentals øyane langs Alaska-kysten. Fem artar laks, brun- og svartbjørn og kvithvoudhavørn er det rikeleg av i skogen. Andre landdyr inkluderer ulv, fjellgeit, ramn og Sitka-svarthalehjort. Mange trekkfuglar held til i øygruppa i sommarmånadene, særleg raudnebbterne. Spekkhoggar og knølkval, sjøløve, sel, havoter, elveoter og nise held til i havet ved kysten. Tongass er òg heim til aure og laks. Tongass er òg den einaste staden i USA der ein finn Haida-røyskatt (Mustela haidarum), ein sjeldan og truga røyskattart, den einaste andre staden på jorda denne arten finst er på Haida Gwaii i Canada. Av dei tre underartane av denne røyskatten finst ein på Prince of Wales-øya og den andre på Suemez-øya (begge i Tongass), medan den tredje finst på Haida Gwaii.[9]
Medan landomådet er stort, utgjer rundt 40 % av Tongass våtland, snø, is, berg og vegetasjon som ikkje dannar skog, medan dei gjenverande 10 million acre (40 000 km2) er skogdekte. About 5 million acre (20 000 km2) er rekna som produktiv urskog, og 4 500 000 acre (18 000 km2) av desse er verna som villmarksomåde.[10]
Historisk sett konsentrerte hogsten seg om større tre i lågare område; i dag er cirka 78 % av området intakt, det vil seia 383.000 hektar (1,550 km²) av det opphavlege 491.000 hektar (1,990 m²) store lågtliggane skogområdet med store tre. Desse områda har stor verdi for dyrearter, og nær 70 % av denne gamle urskogen er no verna i reservat og vil aldri vera kvalifisert for hogst.[11]
Større forstyrringar i nasjonalskogen skjer gjerne ved vindfall og skred. Lokale vinterstormar som blir kalla takus kan påverka strukturen til nokre av vekstane, og ofte føra fall for einskilde tre.
Villmarksområde
Det finst 19 føderalt styrte villmarkområde i Tongass National Forest, meir enn i nokon annan nasjonalskog. Dei omfattar over 5 750 000 acre (23 300 km2) territorium,[12] som òg er meir enn nokon annan slik skog. Frå den største til den minste er dei:
Det finst tre andre villmarksområde i Alaska Panhandle-regionen som ikkje er ein del av Tongass National Forest, men blir administrerte av United States Fish and Wildlife Service som ein del av Alaska Maritime National Wildlife Refuge. Frå den største til den minste er dei Forrester Island Wildness, Saint Lazaria Wilderness og Hazy Islands Wildness. Også i Søraust-Alaska, men ikkje i Tongass National Forest, er Glacier Bay Wildness og ein liten del av Wrangell-Saint Elias Wilderness, som begge er administrerte av National Park Service.
Rakestraw, Lawrence (1981). A History of the United States Forest Service in Alaska. Copyright Lawrence Rakestraw. Printed by the USDA Forest Service in 1982, 1994, 2002. SD565R24, LCCN82-620020.
Durbin, Kathie (1999). Tongass: Pulp Politics and the Fight for the Alaska Rain Forest. Corvallis, Oregon: Oregon State University Press. ISBN0-87071-466-X.
Ketchum, Robert Glenn (1987). The Tongass: Alaska's Vanishing Rain Forest: The Photographs of Robert Glenn Ketchum. Text by Robert Glenn Ketchum and Carey D. Ketchum; introduction by Roderick Nash. New York, New York: Aperture Foundation. Distributed in the U.S. by Farrar, Straus, and Giroux.
List, Peter C., ed. (2000). Environmental Ethics and Forestry: A Reader. Environmental Ethics, Values, and Policy series. Philadelphia, Pennsylvania: Temple University Press. ISBN1-56639-784-7. ISBN1-56639-785-5.
Gulick, Amy (2009). Salmon in the Trees: Life in Alaska's Tongass Rain Forest. Written by Amy Gulick, Illustrated by Ray Troll. Published by Mountaineers Books. ISBN978-1-59485-091-2