Januar: Alemannarar gjekk til åtak og plyndra Piacenza. Ein romersk armé (15 000 mann) under keisar Aurelian blei tekne i bakhald og nedkjempa.
Alemannarane gjekk mot eit forsvarslaust Roma. Aurelian nedkjempa dei ved elva Metauro, nær Fano.
Romarhæren forfølgde alemannarane i Lombardia. Aurelian stengde alpepassa og omringde dei nær Pavia. Alemannarane blei knuste og Aurelian fekk tittelen Germanicus Maximus.