20 spørsmål er ein selskapsleik som går ut på å gjetta eit fastsett svar ved å stilla ja- og nei-spørsmål. Leiken oppmuntrar til deduksjon og kreativitet.
Leiken oppstod i USA på 1800-talet.[1] Han er nemnd i A Christmas Carol av Dickens under namnet «Yes and No». 20 spørsmål blei først send på radio og fjernsyn i USA på 1940-talet. Det kom også seriar på BBC og NRK og i fleire andre land.
20 spørsmål på NRK
20 spørsmål
Knut Borge med gjester. Frå innspelinga av «20 spørsmål» i «Studio 19» i NRK på Marienlyst, 3. februar 2005
I Noreg er 20 spørsmål best kjend som eit radioprogram. Deltakarane skal spørja seg fram og resonnera med inntil 20 ja/nei-spørsmål, for å koma fram til eit ord som ein lyttar har sendt inn. Dersom dei ikkje klarer det, får lyttaren ein premie. Ordet blir gjort kjend for publikum og lyttarar, som dermed kan mora seg mens deltakarane famlar etter svaret.[2]
Programmet gjekk på radio kvar veke frå 1947 til utpå 1980-talet med Rolf Kirkvaag som leiar.[2] Programmet hadde mange lyttarar, og er blitt kalla «et av tidenes mest populære radioprogrammer.[3]