Ord er ei kjede av språklydar eller bokstavar som er berar av ei tyding, og som har eit visst sjølvstende. Dette viser seg ved at det ofte er mogleg å føya inn andre kjeder mellom orda.[1]
I lingvistikken blir ord kalla ordformer. Ordformer er kombinasjonar av språklydar som kan skiljast ut i tale av innfødde språkbrukarar ved hjelp av ulike grensesignal. Den første setninga i denne artikkelen inneheld t.d. ti ordformer. Ordform er den minste delane av ei ytring som kan stå åleine og framleis ha meining. I mange skriftsystem er det vanleg å skilja ord frå kvarandre ved hjelp av mellomrom. Ein del ordformer høyrer nærare saman enn andre, t.d. høyrer ordformene ord og ordet saman på ein måte som blir og i ikkje gjer. I ei ordbok vil vi ikkje finne alle formene ord, ordet og orda. Vi vil finne ordforma bruke, men ikkje brukte eller brukt. Vi skal seie at dei ulike ordformene som høyrer saman, alle representerer eitt og same leksem. Ordforma brukt er berre ei av fem ulike ordformer som blir brukt til å representere leksemet bruke, dei andre er , bruke, bruker, brukte. Endeleg har vi omgrepet grammatisk ord, som vi bruker til å skilje dei to tydinga av t.d. ordforma ord. Denne ordforma kan uttrykke ubestemt eintal av leksemet ord, som i eit ord er nok, eller ho han uttrykke ubestemt eintal av leksemet ord, som i eit bilete seier meir enn tusen ord. Grammatiske ord er abstrakte omgrep, dei blir alltid realisert av ordformer.
Sjå òg
Kjelder
- ↑ «ord» i Store norske leksikon, snl.no.