Île de la Possession er ei øy i dei subantarktiskeCrozetøyane. Med eit areal på 150 km² er ho den største øya i gruppa og den einaste som er busett. Administrativt er ho ein del av Dei franske sørterritoria. Ho er ein viktig hekkestad for sjøfuglar.
Skildring
Île de la Possession ligg aust i øygruppa, kring 20 km vest for Île de l'Est (Austøya). Ho har eit kupert, landskap med fjell og djupe bredalar. Kystområda og dalane er dekte av urteplante ein finn i Subantarktis. Øya er busett av mannskapet på forskingsstasjonen Alfred Faure på austenden av øya, med minst 20 menneske til ei kvar tid.[1]