Åse Gruda Skard (2. desember 1905–13. august 1985), fødd Koht, var ein norsk barnepsykolog og forkjempar for kvinnesaka frå Oslo. Skard vart den første kvinna i landet som oppnådde magistergrad i psykologi i 1931 ved Universitetet i Oslo, og fekk tilnamnet «hele Norges bestemor».
Biografi
Foreldra hennar var Karen Grude Koht og Halvdan Koht. Ho vart i 1933 gift med litteraturforskaren Sigmund Skard. Saman fekk dei fem barn, mellom dei Halvdan Skard, Torild Skard og Målfrid Grude Flekkøy.
Åse Gruda Skard arbeidde som dosent i barnepsykologi ved Universitetet i Oslo (1947–1973). I 1934 etablerte ho Norsk Psykologiforening og sat som leiar frå 1945 til 1949. Under andre verdskrigen arbeidde ho ved Wilson College i USA, der ho mellom anna tala Noreg si sak. Ho var redaktør for Norsk Pedagogisk Tidsskrift i åra 1936–1970 ([1]).
Gjennom ei rad føredrag, over to tusen artiklar og tjuefire fagbøker, var ho ein viktig meiningsdannar i Noreg etter krigen. I boka Ungene våre (1948) talar ho for korleis den moderne familien skal la meiningane til ungane koma fram i større grad. Ho tala til Norsk Kvinnesaksforening om kor viktig det var at kvinner i større grad nytta dei ulike sjansane samfunnet bydde på (1953).
Som forkjempar for born sine rettar bidrog Skard til opprettinga av eit nasjonalt barneombod. Ho kan seiast å vera den første norske mediapsykologen. I ei årrekkje sat ho i Kringkastingsrådet for NRK, der ho var sterk pådrivar for programmet Foreldrenes Kvarter, Barnetimen for de minste og Lørdagsbarnetimen. Ho medverka òg i tv-serien Mattis.
Prisar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Fotnoter