Áillohaš musikkpris er ein årleg samisk musikkpris som blei skipa i samband med Nils-Aslak «Áillohaš» Valkeapää sin 50-årsdag i 1993.[1] Vinnaren av prisen blir annonsert på påskeaftan i samband med Sámi Grand Prix under den samiske påskefestivalen. Prisen blir gjeven av Kautokeino kommune og Kautokeino sameforening.[1] Vinnaren får ein pris på 20 000 kroner, eit diplom, eit kunstverk og eit to vekers opphald ved Lásságámmi, heimen til Áillohaš.[1][2][3]
Historie
Áillohaš musikkpris blei skipa i 1993 av Norske Samers Riksforbund, Kautokeino kommune og Kautokeino sameforening.[4][5] Han er blitt delt ut kvart år sidan, inkludert i 2020 då den samiske påskefestivalen blei avlyst.[6] Vinnaren kan vera ein samisk musikar, fleire musikarar saman eller ei gruppe.
Prisen er blitt gjeven for å æra viktige bidrag som vinnaren eller vinnarane har gjeve til det mangfaldige samiske musikklivet.[7] Den fyrste vinnaren av prisen var Mari Boine.[7][5] I løpet av åra har mange av dei mest populære og kjende samiske musikarane og banda vunne prisen, som Wimme, Sofia Jannok, Ulla Pirttijärvi-Länsman og Frode Fjellheim.[5][8] Prisen blir ikkje berre gjeven til tradisjonelle nordsamiske joikarar, men til eit vidt spekter av musikksjangrar, frå heavy rock hjå Intrigue til tradisjonelle kildinsamiske luvvt samla, innspelte og framførte av Domna Khomjuk.[9]
↑ 7,07,1Skancke-Knutsen, Arvid (28. mars 2011). «Mari Boine jubilerer» (på norsk bokmål). Folkorg.no. Arkivert frå originalen 7. august 2021. Henta 7. august 2021.