«Fjordamerra» er ein kyrkjebåt frå Årvågsfjorden i Aure på Nordmøre som vart bygd i 1843. Båten, ein tverrskotta geitbåt med sju par årar, stod i mange år ute under eit provisorisk tak på Trøndelag folkemuseum - Sverresborg, men har seinare vorte flytta til Geitbåtmuseet på Engjan i Valsøyfjord i Halsa kommune på Nordmøre.
Nybygde kopiar av «Fjordamerra» inkluderer «Fjordamerra» (1996), som vart bygd av Gunnar Eldjarn og Arne Terje Sæther på oppdrag for Aure historielag,[1] og «Halsabrura», som vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997[2]. Bøfjorden historielag arbeider med å få bygd ein eigen kopi, som skal heita «Hjelmkonnå».[3]
Fotnotar