Fjorden har innløp ved det søraustlege hjørnet til Skardsøya mellom Espneset i nord og Klakkmyra i sør der Dromnesundet frå nord møter Torsetsundet frå vest. Bortsett frå Årvågen inst i fjorden ligg fleire gardar langs fjorden. På sørsida finn ein Klakkmyra, Gjela, Bakkmyr og Nerbakk og på nordsida Hellandet og Haugen.