'Aqqaba (arabisk عقّابة, hebraisk skrift עקבה) er ein palestinsk by som ligg i dalsida av Jordandalen nord på Vestbreidda, 15 kilometer nordaust for Jenin i Tubas guvernement. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS), hadde byen eit folketal på 6 598 innbyggjarar i 2007.[1]
I klårvêr kan ein sjå Haifa i vest ved Middelhavet i tillegg til toppen av Jabal ash-Sheikh i Libanon. 'Aqqaba er det høgaste punktet i Tubas guvernement. 'Aqqaba ligg fem kilometer aust for Arab American University.
Kjelder
Bakgrunnsstoff