ʿAmrān (arabisk عمران) er ein liten by vest i det sentrale Jemen. Han er hovudstaden i 'Amran guvernement og låg tidlegare i Sana'a guvernement. Han ligg 53 km med bil nordvest for den jemenittiske hovudstaden Sana'a.[1] I følgje ei folketeljing i 2004 hadde han eit folketal på 76 863, og eit estimert folketal på 90 792 i 2012.[2]
Historie
Byen vart grunnlagd under det sørarabiske Himjar. Under det sabaeiske kongedømet blømde byen og det vart bygd ei festning her. På midten av 1800-talet vart det funne fleire bronsetavler frå den tida som i dag ligg i British Museum. På 600-talet var byen ein mektig by under kampar mot sabaeane. Funn av utskjerte steinar frå tidlegare tempel og palass vitnar om dette i dag. Det vart funne ein stor steininskripsjon ved den vestlege byporten (Bab al-Kabir). Dan gamle souqen er kjend for steinsøylene sine.[3] ʿAmram var heilt omgjeve av murar bygde i 1720. Landskapet kring byen er dominert av terrassar med steinmurar for å hindre erosjon av dei frodige markene.
Kjelder