Øystein Ekroll (fødd 16. januar 1957 på Larsnes på Sunnmøre)[1] er ein norsk arkeolog og forskar. Han har magistergrad i nordisk mellomalderarkeologi ved Universitetet i Bergen frå 1986. I dag er han førsteamanuensis ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider, der han har arbeidt sidan 1992.
Ekroll er spesialist på bygningsarkeologi, og har arbeidt med konservering av steinbygg og ruinar i heile landet, mellom anna mellomalderruinane i Gamlebyen i Oslo. Han medverka til oppbygging av museet i Erkebispegården i Trondheim (opna 1997). Ekroll har delteke i ved ei rad utgravingar i Noreg og Hellas, og har publisert artiklar og bøker om bygningshistorie i mellomalderen.
Kjelder
| Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2019 |
Bakgrunnsstoff