Åsmund Ohnstad (fødd 4. september 1950) er ein norsk forfattar og historikar frå Voss/Aurland. Han har lektorutdanning i språk, samfunnsøkonomi og historie ved universitetet i Bergen. Han har vore anleggsarbeidar, lærar, skribent/forfattar og turistguide. Ohnstad har redigert og skrive fleire bøker om lokalhistorie. Ei mindre bok er skriven på engelsk. Han har arbeidd som turistguide for Voss og Fjordane Guideservice sidan 2006 med språka engelsk, tysk og italiensk. Åsmund Ohnstad har vore leiar i Aurland Høgre, men er no medlem av INP.
Bibliografi
Bøker
- 2008 – Banken til beste for bygda : Aurland sparebank : 1883-2008 (Aurland: Aurland sparebank)
- 2011 – Ættebok for Aurland frå 1901 til 2010 (Aurland: Aurland sogelag) [Frå forordet: Boka er ei vidareføring av Bygdebok for Aurland, bind 2, som kom ut i 1964]
- 2013 – Ættebok for Vossestrand. 2 (Voss: Nemnda) [Redaktør Åsmund Ohnstad]
- 2018 – Vossaboka : band 1: Gards- og ættesoge for Kolle-Raudstad (Voss: Voss bygdeboknemd). ISBN 978-82-90074-12-3 [Redaktør Åsmund Ohnstad]
- 2019 – Vossaboka : band 2: Gards- og ættesoge for Seim-Saue (Voss: Voss bygdeboknemd). ISBN 978-82-90074-13-0 [Redaktør Åsmund Ohnstad]
- 2021 – Vossaboka : band 3: Gards- og ættesoge for Staup-Tøn (Voss: Voss bygdeboknemd). ISBN 978-82-90074-14-7 [Redaktør Åsmund Ohnstad]
- 2023 – Vossaboka : band 4: Gards- og ættesoge for Repål-Skiple (Voss: Voss bygdeboknemd). ISBN 9788290074154 [Redaktør Åsmund Ohnstad]
I tidsskrift - eit utval
Kjelder
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. (2025) |