Ås er ein tettstad og administrasjonssenter i Ås kommune i Akershus med 10 962 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Tettstaden ligg ved stasjonen med same namn på den vestre linja av Østfoldbanen. Her ligg Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, tidlegare Universitetet for miljø- og biovitskap og Norges landbrukshøgskole, i tillegg til vidaregåande skule. Staden er handelssenter og har noko industri, først og fremst trevareindustri.
Sjå òg
Kjelder
«Ås – i Ås» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff