Ájios Dimítrios (gresk Άγιος Δημήτριος) er ein kommune i dei sørlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.[2]
Området bestod tidlegare av jordbruksområde, men mellom 1920- og 1930-åra vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustadområde igjen. Området er åslendt og har eit par åstoppar.