Zolotonosja (ukrainsk Золотоноша) er ein by i Tsjerkasy oblast (provins) sentralt i Ukraina. Byen er det administrative senteret i Zolotonosja rajon (distrikt), medan sjølve byen er eit eige rajon i oblastet.
Zolotonosja ligg ved elva Zolotonosjka, ei sideelv til Dnepr, 30 km frå Tsjerkasy. Byen ligg langs jernbanelinja Bakhmatsj-Odessa og langs vegane Kiev-Krementsjuk og Tsjerkasy-Sjramivka.
Historie
Zolotonosja vart først nemnd i skriftlege kjelder kring 1576. I 1635 fekk Zolotonosja Magdeburgrettar. Etter den ukrainske sjølvstendekrigen vart Zolotonosja ein del av Ukrainske SSR, ein republikk i Sovjetunionen.
Kjelder