Zbigniew Kazimierz Boniek (fødd 3. mars1956) er ein polsk tidlegare fotballspelar og seinare idrettsleiar frå Bydgoszcz. Han vert særleg hugsa for sine prestasjonar med Polens landslag og som Juventus-spelar, i Polen òg for sine sju sesongar i Widzew Łódź. Boniek var ein særs allsidig spelar; dribleflink, med stor fart og iherdige lange løp frå sine posisjonar som angripar eller offensiv midtbane. Han er sidan 2012 leiar i det polske fotballforbundet, Polski Związek Piłki Nożnej.
Klubbspel
Boniek spelte på det polske topplaget Widzew Łódź frå 1975 til -82. Med Boniek i sin midt tok klubben for aller fyrste gong steget opp i toppen av den nasjonale fotballen. Etter tre sesongar på andreplass i seriemeisterskapen, lukkast Widzew Łódź å verte polsk seriemeister i 1981 og -82. Etter Fotball-VM 1982 vart Boniek overført til den italienske storklubben Juventus FC. Tidleg i 1980-åra var det uvanleg at ein toppspelar frå Aust-Europa fekk gå til ein toppklubb i Vest-Europa. Boniek vart snøgt ein publikumsfavoritt i [[Italia og vann i Juventus, i hop med mellom andre Michel Platini og Paolo Rossi, stort sett alt ein kan vinne på klubbnivå. Siger i Europacupen i 1985 var høgdepunktet, det var elles ei turnering Juventus aldri før hadde vunne. 1985-88 spelte han for AS Roma og la opp.
Landslagsspel
Boniek spelte 80 landskampar for Polen i tida 1976-88. Han deltok i tre rake VM-turneringar; 1978, 1982 og 1986. I 1978 tok laget seg til mellomspelet og enda på ein 6. plass i turneringa. Fire år seinare tapte Polen mot Italia i semifinalen i verdsmeisterskapen 1982, før Polen vann bronsefinalen med 3-2 mot Frankrike. Boniek skåra 24 landslagsmål.
Merittar
Vinnar av europacupen: 1985 med Juventus
Vinnar av cupvinnarcupen: 1984 med Juventus
Polsk seriemeister: 1981 og 1982 med Widzew Łódź
Italiensk seriemeister: 1984 med Juventus
Italiensk cupmeister: 1983 med Juventus, 1986 med Roma