«Younger Girl» er ein song skriven av John Sebastian og først gjeven ut av bandet hans, The Lovin' Spoonful på debutplata Do You Believe in Magic i 1965.[1] Songen er i røynda «Prison Wall Blues» (1930) av Cannon's Jug Stompers, med eit par endringar i teksten.[2]
To versjonar av songen gjekk inn på den amerikanske singellista i 1966. Den amerikanske popgruppa The Critters sin versjon frå debutalbuet deira nådde 42. plassen på Billboard's Hot 100 og 21. plassen på Cash Box Top 100.[3] I Canada nådde «Younger Girl» niandeplassen[4] og på UK Singles Chart nådde han 38. plassen.[5]
Songen vart òg spelt av surfegruppa The Hondells og versjonen deira nådde 52. plassen på Billboard-lista og 38. plassen på Cash Box-lista.[6]
Salslister
- The Critters-versjonen
- The Hondells-versjonen
Kjelder
- ↑ Allmusic album info
- ↑ https://www.youtube.com/watch?v=SEqlJgDNy90
- ↑ 3,0 3,1 Cash Box Top 100 Singles, 9. juli 1966
- ↑ 4,0 4,1 The Cyrkle, «Red Rubber Ball» Canadian chart position Henta 11. september 2015.
- ↑ 5,0 5,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 127. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ Cash Box Top 100 Singles, 9. juli 1966[daud lenkje]
- ↑ 7,0 7,1 Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2002
Bakgrunnsstoff