Xu Demei (fødd 23. mai 1967) er ein kinesisk tidlegare friidrettsutøvar som i 1991 vart verdsmeister i spjutkasting under verdsmeisterskapen i Tokyo.
Xu kom på andreplassen i spjuttevlinga både ved asiameisterskapen 1989 og asialeikane 1990. I 1990 sette ho elles personleg rekord med eit kast på 68,30 m. Året etter kvalifiserte ho seg til VM-finalen i Tokyo, der ho i den fyrste omgangen smelte til med 68,78 meter, hennar livs lengste kast. Ingen av dei av dei andre finalistane klarte å overgå dette kastet, sjølv om verdsrekordhaldaren Petra Meier kom svært nær med sitt bestekast på 68,68 meter.
Under dei olympiske sommarleikane 1992 i Barcelona nådde Xu 59,98 meter i kvalifiseringa, ein knapp halvmeter for kort til finaleplass, ho enda dermed på 14. plass.
Kjelder