«Wonderful Crazy Night» Utgjeve: 15. desember 2015
«Blue Wonderful» Utgjeve: 5. januar 2016
«In the Name of You» Utgjeve: 29. januar 2016
«A Good Heart» Utgjeve: 25. mai 2016
Wonderful Crazy Night er det 32. studioalbumet til den britiske songaren og låtskrivaren Elton John.[2] Det er det første albumet sidan The Captain & the Kid i 2006 med The Elton John Band,[3] og vart skrive og spelt inn i løpet av 17 dagar.[4][5] Den langvarige perkusjonisten til Elton John, Ray Cooper, er med på albumet for første gongen sidan Made in England i 1995. Dette er det første albumet til Kim Bullard for John på klaverinstrument då han erstatta Guy Babylon, og Matt Bissonette erstatta Bob Birch på bass.
Wonderful Crazy Night fekk generelt god kritikk av kritikarane. På Metacritic, som gjeve ein normalisert rating opp til 100 basert på meldingar frå dei mest kjende publikasjonane, gav albumet ein gjennomsnittsrating på 70, som indikerer «generelt positive meldingar», basert på 17 meldingar.
Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte albumet på 36. plassen på lista si over dei 50 beste albuma i 2016.[11]