Witham er ei elv aust i England, , nesten berre innanfor grevskapet Lincolnshire. Ho spring ut sør for Grantham nær South Witham og renn gjennom Lincoln og Boston, før ho munnar ut i The Haven, ein tidvassarm av The Wash, nær RSPB Frampton Marsh. Elva er farbar frå Lincoln til Boston.
Namnet Witham ser ut til å vere særs gammalt, truleg før angelsaksisk, romersk og kanskje til og med keltisk tid.[1] Tydinga er ikkje kjend.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «River Witham» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2011.
- Cameron, Kenneth (1998). A Dictionary of Lincolnshire Place-names. English Placenames Society.
52°56′N 0°03′E / 52.933°N 0.050°E / 52.933; 0.050