Han vart tilsett i H. Aschehoug & Co.s bokhandel i Kristiania i 1887. I lag med Thorstein Lambrechts kjøpte han i 1888 både bokhandelen og forlaget, og i 1900 vart han eineeigar av forlaget og det skifta namn til H. Aschehoug & co (W.Nygaard). Han var direktør for forlaget til 1940 då sonen Mads Wiel Nygaard tok over og han sjølv fortsette som formann i styret for forlaget.