William Hobson

William Hobson

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 26. september 1792
Waterford
Død

10. september 1842 (49 år)
Auckland

Yrke oppdagar
Språk engelsk
Far Samuel Meade Hobson
Ektefelle Eliza Ann Elliott
William Hobson på Commons

Kaptein William Hobson (fødd 26. september 1792 i Waterford i Irland, død 10. september 1842 i AucklandNew Zealand) var den første guvernørenNew Zealand, og medforfattar av Waitangitraktaten.

Tidleg liv

Hobson vart fødd i Waterford i Irland, somme kjelder seier fødselåret var 1793. Han gjekk inn i Den britiske marinen i 1803 som frivillig. Han gjorde teneste under Napoleonskrigane, og medverka seinare i kampar mot piratar i Karibia. Hobson vart kadett i 1806 og sju år seinare premierløytnant. Han vart forfremja til kommandør i 1824. I desember 1834 fekk han i oppdrag frå George Eden, 1st Earl of Auckland, å dra til til Austindia på HMS «Rattlesnake».

I 1836 fekk Hobson ordre om å dra til Australia og kom fram til Hobart den 5. august og nådde Sydney 18 dagar seinare. Den 18. september 1836 segla HMS Rattlesnake til Port Phillip District (seinare Melbourne) med kaptein William Lonsdale og andre embetsmenn til den nye kolonien. I dei neste tre månadane gjennomførte Hobson og offiserane hans ei grundig undersøking av den nordlege delen av Port Phillip, som etter ordre frå guvernør Sir Richard Bourke fekk namnet Hobson's Bay etter Hobson. Skipet hans var med på grunnlegginga av Williamstown. Hobson fekk tilbod om stilling som superintendent i Bombay Marine med ei årsløn på 2000 pund, men han likte seg i Australia, og var kandidat til guvernørposten i Port Phillip, sjølv om årsløna her ikkje var venta å verta høgare enn 800 pund.

New Zealand

I 1837 segla han til Bay of IslandsNew Zealand, for å hjelpa den britiske konsulen James Busby, som kjende seg truga av ufred mellom māoristammar. Han nådde fram den 26. mai, og bidrog til å redusera spenningane. Då han kom attende til England skreiv han ein rapport om New Zealand, der han føreslo at det vart innført britisk overherredøme over New Zealand, i mindre område, slik Hudson's Bay Company hadde stått for i Canada.[1]

Guvernørløytnant på New Zealand

På denne tida anerkjende dei britiske styresmaktene suvereniteten til māorifolket, slik den var lagt fram i Declaration of the Independence of New Zealand (Deklarasjon om newzealandsk sjølvstyre) frå oktober 1835, som var utarbeida av Busby. Hobson vart utpeika til guvernørløytnant under guvernøren i New South Wales, sir George Gipps (ratifisert 30. juli 1839) og britisk konsul på New Zealand (stadfesta 13. august 1839). Han fekk detaljerte instruksjonar av Lord Normanby den 14. august 1839, der det vart gjeve grunnlag for intervensjon på New Zealand, og retningslinjer for kjøp av land ved «rettferdige og likeverdige kontraktar». Dette landet skulle i sin tur verta selt vidare til nybyggjarar med forteneste som skulle brukast til seinare oppkjøp.

Hobson kom fram til Bay of Islands den 29. januar 1840 (som enno i dag vert feira som Auckland Anniversary Day) med ei lita gruppe offisielle representantar, mellom desse eit eksekutivråd samansett av kolonisekretæren, Willoughby Shortland, kolonien sin skattmeister, George Cooper og Attorney-General Francis Fisher. I det lovgjevande rådet sat desse tre saman med tre fredsdommarar.

Waitangitraktaten

Då han var nådd fram, starta Hobson nesten med det same å skriva utkastet til Waitangitraktaten, saman med sekretæren sin, James Freeman og Busby. Etter å ha fått underskriftene i Bay of Islands, reiste han til Waitemata Harbour for å få fleire underskrifter og å sjå etter ein høveleg stad for ein ny hovudstad (han sende òg assistenten sin, William Cornwallis Symonds, til andre område for å få tak i fleire underskrifter). Etter å ha fått eit slag 1. mars 1840 vart han frakta attende til Bay of Islands, der han kom seg tilstrekkeleg til å ta opp att arbeidet sitt.

Som svar på at det private New Zealand Company hadde skipa ein «republikk» for immigrantane det hadde busett i Port Nicholson (seinare Wellington), og hadde grunnlagd ein ny by der under flagget til eit sjølvstendig New Zealand, hevda Hobson 21. mai 1840 full britisk suverenitet over heile New Zealand, sjølv om dette ikkje i røynda gjekk fram av den ufullstendige underskrivinga av Waitangitraktaten. Han sende Willoughby Shortland og nokre soldatar til Port Nicholson den 25. mai 1840, og styringsorganet til nybyggjarane vart oppløyst. Leiaren deira, William Wakefield, reiste seinare til Bay of Islands for å lova truskap til krona. Framlegget hans om å gjera Port Nicholson til hovudstad vart avslått til fordel for Hobson sine planar om ein ny by ved Waitemata Harbour, som skulle få namnet Auckland etter George Eden, 1. jarl av Auckland.

Den 11. juli 1840 kom den franske fregatten L'Aube til Bay of Islands på veg til Bankshalvøya som ein del av planen til Nanto-Bordelaise Company om å skipa franske busetjingar der. (På den tida var det franske grupper som meinte at Storbritannia ikkje skulle ha monopol på koloniseringa av New Zealand, og at Frankrike i alle fall skulle gjera krav på Sørøya. Hobson sende straks to magistratar til området for å markera det britiske kravet om suverenitet ved å halda rettsmøte.

Mot slutten av 1840 sende nybyggjarane i Port Nicholson ein petisjon til dronning Victoria og kravde at Hobson vart avsett på grunn av handsaminga hans av dei. Hobson gav sitt svar til utanriksministeriet 26. mai 1841.

Guvernør på New Zealand

I november 1840 underteikna dronning Victoria eit kongebrev (royal charter) som gjorde New Zealand til ein kronkoloni separat frå New South Wales. Hobson vart teken i eid som Generalguvernør og øvstkommanderande på New Zealand den 3. mai 1841.

Hobson reiste til Wellington i august 1841, der han høyrde på klagemål frå nybyggjarar og og fekk vald magistratar. Deretter reiste han til Akaroafor å avgjera franske krav. Attende i Auckland fekk han ein del vanskar med māoriar, og regjeringa hans vart latterleggjort av av journalistar i Wellington og Auckland. Han svara med å stengja avisa New Zealand Herald and Auckland Gazette. Då regjeringa hadde små midlar, utferda Hobson uautoriserte pengesetlar på den britiske statskassa i 1842. Hobson fekk motstand frå «senatsklikken», radikalarar som sende ein petisjon til utanriksministeriet for å få Hobson kalla attende. Ei av dei siste avgjerdslene til Hobson var å skipa Auckland Anniversary Day, for å markera årsdagen då han kom til Bay of Islands.

Hobson fekk eit nytt slag og døydde 10. september 1842, før han vart kalla attende frå embetet. Han er gravlagd i Auckland.

Referansar

  • Paul Moon, red. (2010). New Zealand Birth Certificates: 50 of New Zealand's Founding Documents. AUT Media. ISBN 0958299714, ISBN 9780958299718. 
  • Dictionary of New Zealand Biography gjev opp som kjelder:

    • Hobson, W. Papers, 1833–1846. MS Papers 46. WTU
    • Moon, P. Hobson: governor of New Zealand, 1840-1842. Auckland, 1998
    • Orange, C. The Treaty of Waitangi. Wellington, 1987
    • Scholefield, G. H. Captain William Hobson. London, 1934
    • UK Parliament. Correspondence and other papers relating to New Zealand, 1835–1845. In Irish University Press series of British parliamentary papers. Colonies: New Zealand. Vols 3 & 4. Shannon, 1970

    Bakgrunnsstoff

    Read other articles:

    Армяне во Франции Հայերը Ֆրանսիայում Численность 750,000 Расселение Париж, Марсель, Лион Язык французский, армянский Религия Христианство Входит в Индоевропейцы  Медиафайлы на Викискладе Армяне во Франции (арм. Հայերը Ֆրանսիայում, фр. Arméniens de France) — современна...

     

    Administrative entry restrictions Not to be confused with Visa requirements for Nigerien citizens. Visa requirements for Nigerian citizens are administrative entry restrictions imposed by the authorities of other states on citizens of Nigeria. As of 2 July 2021, Nigerian citizens had visa-free or visa on arrival access to 45 countries and territories, ranking the Nigerian passport 98th in terms of travel freedom according to the Henley Passport Index.[1] Where visa-free access is perm...

     

    Grande gare historique (gare du Nord). Petite gare désaffectée (Marines-Halte). Gare monument historique (gare de Tours). Une gare devenue musée (musée d'Orsay). Cette liste de gares en France a pour objectif de rassembler l'ensemble des gares ferroviaires, existantes ou ayant existé[1], situées en territoire d'administration française, sur le continent européen et à l'outre-mer. C'est une liste alphabétique comprenant deux classements : gares en service et, en italique, gares ...

    العلاقات الكرواتية الماليزية كرواتيا ماليزيا   كرواتيا   ماليزيا تعديل مصدري - تعديل   العلاقات الكرواتية الماليزية هي العلاقات الثنائية التي تجمع بين كرواتيا وماليزيا.[1][2][3][4][5] مقارنة بين البلدين هذه مقارنة عامة ومرجعية للدولتين: وجه ال...

     

    إقليم المحيط الهندي البريطاني  علم شعار الشعار:(باللاتينية: In tutela nostra Limuria)‏  الاسم الرسمي (بالإنجليزية: British Indian Ocean Territory)‏(بالسلوفاكية: Britské indickooceánske územie)‏[1]    الإحداثيات 6°00′S 71°30′E / 6°S 71.5°E / -6; 71.5   [2] تقسيم إداري  البلد المملكة الم�...

     

    Questa voce o sezione sull'argomento Illinois non cita le fonti necessarie o quelle presenti sono insufficienti. Puoi migliorare questa voce aggiungendo citazioni da fonti attendibili secondo le linee guida sull'uso delle fonti. Contea di ClayconteaLocalizzazioneStato Stati Uniti Stato federato Illinois AmministrazioneCapoluogoLouisville Data di istituzione1824 TerritorioCoordinatedel capoluogo38°46′17″N 88°30′23″W / 38.771389°N 88.506389°W38.771389;...

    Cycling race Cycling race 2015 Tour Down Under2015 UCI World Tour, race 1 of 28Race detailsDates20–25 January 2015Stages6Distance812.3 km (504.7 mi)Winning time19h 15' 18Results Winner  Rohan Dennis (AUS) (BMC Racing Team)  Second  Richie Porte (AUS) (Team Sky)  Third  Cadel Evans (AUS) (BMC Racing Team) Mountains  Jack Bobridge (AUS) (UniSA–Australia) Youth  Rohan Dennis (AUS) (BMC Racing Team) Sprints  Daryl Impe...

     

    Major League Soccer team in Charlotte, North Carolina, U.S. Soccer clubCharlotte FCFull nameCharlotte Football ClubNickname(s)The CrownShort nameCLTFCFoundedDecember 17, 2019; 4 years ago (2019-12-17)StadiumBank of America StadiumCharlotte, North CarolinaCapacity38,000 (expandable to 74,867)OwnerDavid TepperPresidentJoe LaBueHead coachDean SmithLeagueMajor League Soccer2023Eastern Conference: 9thOverall: 19thPlayoffs: Wild card roundWebsiteClub website Home colors Away colo...

     

    Supreme Court of the United States38°53′26″N 77°00′16″W / 38.89056°N 77.00444°W / 38.89056; -77.00444EstablishedMarch 4, 1789; 235 years ago (1789-03-04)LocationWashington, D.C.Coordinates38°53′26″N 77°00′16″W / 38.89056°N 77.00444°W / 38.89056; -77.00444Composition methodPresidential nomination with Senate confirmationAuthorized byConstitution of the United States, Art. III, § 1Judge term lengthl...

    River in North Carolina and Tennessee, United States This article is about the river west of the Eastern Continental Divide (ECD) in western North Carolina. For the similarly named river in western North Carolina east of the ECD, see Broad River (Carolinas). French Broad RiverFrench Broad River in Henderson County, North CarolinaFrench Broad River watershedLocationCountryUnited StatesStateNorth Carolina, TennesseePhysical characteristicsSourceNorth Fork French Broad River •...

     

    Mass Rapid Transit station in Singapore  CC21 Holland Village荷兰村ஹாலந்து வில்லேஜ் Mass Rapid Transit (MRT) stationExit A of the stationGeneral informationLocation200 Holland AvenueSingapore 278995[1]Coordinates1°18′43″N 103°47′46″E / 1.312078°N 103.796208°E / 1.312078; 103.796208Operated bySMRT Trains Ltd (SMRT Corporation)Line(s)  Circle LinePlatforms2 (1 island platform)Tracks2ConnectionsBus, ...

     

    This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Politics of Equatorial Guinea – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (December 2008) (Learn how and when to remove this message) Politics of Equatorial Guinea Constitution Human rights Government President T. Obiang Nguema Mbasogo Vice President T. Ngue...

    2020年夏季奥林匹克运动会南苏丹代表團南苏丹国旗IOC編碼SSDNOC南蘇丹國家奧林匹克委員會2020年夏季奥林匹克运动会(東京)2021年7月23日至8月8日(受2019冠状病毒病疫情影响推迟,但仍保留原定名称)運動員2參賽項目1个大项旗手开幕式、闭幕式:亞伯拉罕·蓋姆(田径)[1][2]历届奥林匹克运动会参赛记录(总结)夏季奥林匹克运动会201620202024其他相关赛事参赛�...

     

    This article contains close paraphrasing of a non-free copyrighted source, https://www.paralympic.org.au/2016/01/1million-donation-from-cadbury-kicks-off-launch-of-australian-paralympic-foundation/ (Copyvios report). Relevant discussion may be found on the talk page. Please help Wikipedia by rewriting this article with your own words. (August 2021) (Learn how and when to remove this message) Sporting event delegationAustralia at the2016 Summer ParalympicsIPC codeAUSNPCAustralian Paralympic Co...

     

    Для термина «Дирихле» см. также другие значения. Иоганн Петер Густав Лежён-Дирихленем. Johann Peter Gustav Lejeune Dirichlet Дирихле Дата рождения 13 февраля 1805(1805-02-13)[1][2][…] Место рождения Дюрен (Французская империя, ныне Германия) Дата смерти 5 мая 1859(1859-05-05)[1][2][…] (...

    Klassifikation nach ICD-10 G40.– Epilepsie G41.– Status epilepticus ICD-10 online (WHO-Version 2019) Epilepsie (von altgriechisch ἐπίληψις epílēpsis, deutsch ‚Angriff‘, ‚Überfall‘, über ἐπιληψία und lateinisch epilepsia, „Anfall, Krampfanfall, Anfallsleiden“, seit dem 16. Jahrhundert nachweisbar[1]), im Deutschen in früheren Jahrhunderten, abgeleitet von Fall ‚Sturz‘, ‚Fall‘, Fallsucht (auch mittelhochdeutsch ‚fallende Suc...

     

    Long-existing custom or belief For other uses, see Tradition (disambiguation). Traditional redirects here. For Traditional music, see Folk music. Traditions, an 1895 bronze tympanum by Olin Levi Warner over the main entrance of the Thomas Jefferson Building at the Library of Congress in Washington, D.C. A tradition is a system of beliefs or behaviors (folk custom) passed down within a group of people or society with symbolic meaning or special significance with origins in the past.[1]...

     

    「広島バス」とは異なります。 広島電鉄 > 広電バス 路線バス(ノンステップバス) 高速バス(クレアライン ) 高速バス(エアポートリムジン) 一般路線向けの車両は大半で「広電バス」と表記されているが、呉市交通局から移籍の車両及び2016年度からの自社導入車両には「広島電鉄」と表記。 以前から導入している車両については「広電バス」と表記。 広�...

      لمعانٍ أخرى، طالع سوسن أباد (توضيح). سوسن أباد (أرومية) تقسيم إداري البلد إيران محافظة أذربیجان الغربیة مقاطعة أرومية قسم سيلوانه السكان التعداد السكاني 684 نسمة (في سنة 2006) تعديل مصدري - تعديل   سوسن‌ أباد (بالكردية: سووسناڤا) هي إحدى القرى التابعة لـمرغور في ريف قسم �...

     

    Provincial electoral district in Ontario, Canada For the federal and municipal electoral divisions, see Eglinton—Lawrence and Ward 8 Eglinton—Lawrence. Eglinton—Lawrence Ontario electoral districtLocation in TorontoProvincial electoral districtLegislatureLegislative Assembly of OntarioMPP    Robin MartinProgressive ConservativeDistrict created1999First contested1999Last contested2022DemographicsPopulation (2016)114,400Electors (2018)83,202Area (km²)23Pop. density (per km...