White-elva er ei elv i regionen Canterbury på Sørøya på New Zealand.
Ho renn ut frå dei austlege flankane av Søralpane, og munnar ut i Waimakariri River. Elva er tilgjengeleg ved å køyra State Higway 73 til Klondike Corner, og så følgja Waimakariri opp til Carrington Hut, og gå vestover. Den vanlegaste grunnen til å gå opp til White River, er å nå opp til Barker Hut, ein base for klatring i Mount Murchison, Wakeman og Harper. Følgjer ein elva til utspringet, kjem ein fram til White Col.[1]
Referansar
42°57′S 171°27′E / 42.950°S 171.450°E / -42.950; 171.450