Wet Willie |
|
Opphav | Mobile, Alabama i USA |
---|
Aktiv | Sidan 1970 |
---|
Sjanger | Southern rock |
---|
Plateselskap | |
---|
Tidlegare medlemmer | *Lewis Ross
- Ricky Hirsch
- John David Anthony
- Wick Larsen
- Ella Brown Avery
- Elkie Brooks
- Leslie Hawkins
- Mike Duke
- Marshall Smith
- Larry Berwald
|
Wet Willie er eit USA-amerikansk band frå Mobile i Alabama. Den mest kjende songen deira, «Keep On Smilin'», nådde tiandeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i august 1974. Dei hadde fleire andre songar på hitlista i 1970-åra, og vart ofte rekna som southern rock.
Historie
Trommeslagaren Lewis Ross sette saman ei gruppe kalla Fox sommaren 1969 og etter dei flytta frå Mobile i Alabama til Macon i Georgia, der Capricorn Records held til, vart gruppa til Wet Willie.[1] Bandet vart kjend med ein stil innan southern rock frå 1971 til 1978 og gav ut fleire album og singlar, og ein av singlane nådde topp 10 på singellista i USA.[2] Dei vart først kjend for konsertpublikum som oppvarming for Allman Brothers Band i 1971 og er framleis aktive i dag. Når Jimmy Hall er med bandet kallar dei seg Wet Willie, elles har dei kalla seg The Wet Willie Band.
Bandmedlemmar
Kjernen i bandet har vore Jimmy Hall på vokal, munnspel og saksofon, broren hans Jack Hall på bass, John David Anthony på klaverinstrument, Ricky Hirsch på gitar og Lewis Ross på trommer og og perkusjon. Wick Larsen kom inn som andregitarist ei kort stund i perioden kring albumet Wet Willie II. Ein viktig del av lydbiletet til Wet Willie var dei to kvinnene som song korvokal, kalla «The Williettes». Dette var systera til Jimmy og Jack, Donna Hall og Ella Brown Avery. Ein kort periode i 1974 var òg den britiske songaren Elkie Brooks med i bandet som korsongar, og det same var den framtidige Honkette-medlemmet Leslie Hawkins. Michael Duke spelte for første gongen med bandet på albumet Dixie Rock og la til klaverinstrument og vokal. Det vart mange endringar i besetninga fram til 1978 då dei fekk ny kontrakt med Epic Records. Besetninga bestod då av Jimmy og Jack Hall, Mike Duke, trommeslagaren T.K. Lively og gitaristane Marshall Smith og Larry Berwald fram til tidleg i 1980-åra. Etter ein kort pause kom bandet saman att tidleg i 1990-åra med syskena Jimmy, Jack og Donna Hall og den originale klaverspelaren John David Anthony, trommeslagaren T.K. Lively og dei mangeårige medlemmane Ric Seymour og Ricky Chancey.
Innspelingar
Wet Willie gav ut fleire album på Capricorn Records mellom 1971 og 1977. I tillegg til eit «Greatest Hits»-album på Polydor Records, gav dei òg ut to album til for Epic Records, i tillegg til fleire samleplater og nokre konsertalbum i seinare år. Det kanskje mest kjende albumet deira er konertalbumet Drippin' Wet frå 1973, medan den mest kjende songen deira er hitsingelen «Keep On Smilin'», som nådde topp 10 på Billboard-lista. Songane «Country Side of Life», «Everything That 'Cha Do (Will Come Back to You)», «Leona», «Street Corner Serenade» og «Weekend» gjekk òg inn på Billboard-lista.
Diskografi
Studioalbum
Konsertalbum
Kjelde: Allmusic.com[4]
Singlar
År
|
Singel
|
US Hot 100
|
AUS[3]
|
1971
|
«Rock & Roll Band»
|
—
|
—
|
1972
|
«Shout Bamalama»
|
—
|
—
|
1974
|
«Keep On Smilin'»
|
10
|
—
|
«Country Side of Life»
|
66
|
—
|
1975
|
«Leona»
|
69
|
—
|
«Dixie Rock»
|
96
|
—
|
1976
|
«Ring You Up»
|
—
|
—
|
«Baby Fat»
|
—
|
—
|
«Everything That 'cha Do»
|
66
|
—
|
1977
|
«Street Corner Serenade»
|
30
|
41
|
1978
|
«Make You Feel Love Again»
|
45
|
—
|
1979
|
«Weekend»
|
29
|
—
|
«Ramona»
|
—
|
—
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff