Walter Heinrich Heitler (2. januar 1904–15. november 1981) var ein tysk-sveitsisk fysikar. Heitler arbeidde hovudsakleg med kvantemekanikk og skreiv mange vitskaplege avhandlingar, mellom anna Quantum Theory of Radiation frå 1936 som er eit standardverk for kvanteteorien for elektromagnetisk stråling.
Han var privatdosent ved universitetet i Göttingen frå 1929 til 1933, men måtte då reise frå Tyskland på grunn av dei politiske tilhøva der. Fram til 1941 var han stipendiat ved universitetet i Bristol, før han vart professor ved Institute for Advanced Studies i Dublin fram til 1949. Han vart så professor i teoretisk fysikk ved den tekniske høgskulen i Zürich.
Kjelder